300 km Trondheim: Surnadal

Beskrivelse

Trondheim-Surnadal-Trondheim har start og mål ved Shell Elgeseter. Dersom det ikkje er nokon arrangør der, få stempel på bensinstasjonen på same måte som kontrollane undervegs. Pass på at alle stempel, inkludert start og mål, er merka med tidspunkt innanfor kontrollopningstidene som vist nedanfor.

Sykle ned til Trondheim Spektrum og ta brua over til Ilakirka. Følg Fv715 og Fv707 rundt Byneset, til fyrste kontroll ved Rye. Send mobilfoto der, og følg vegen vidare til Spongdal og Klett. Ta deretter Fv800 til Orkanger og andre kontroll på Bårdshaug. Følg Orkdalsvegen til Fannrem, vidare på Fv471, og følg skilting til Vormstad. Deretter er det berre å følge Fv65 sørvestover til neste kontroll ved Rindal, og vidare til Surnadal, der du skal ta inn på Fv670 den siste biten til ferjeleiet på Kvanne. Der blir det nytt mobilfoto som kontroll. Om du har behov for ein bensinstasjonstopp, så er YX Surnadal praktisk, på veg til eller frå Kvanne.

Så er det berre å følge same veg nesten heile vegen tilbake. Denne gongen blir det ein kontroll på Storås. Når du er framme på Klett kan du følge sykkelvegen til Heimdal og vidare ned Bjørndalen, over Sluppen bru, og opp til mål ved Shell Elgeseter.

Kontrollpostar

STED KM FRA START KM IGJEN KM FRA FORRIGE TIDLIGSTE PASSERING SENESTE PASSERING
Shell Elgeseter 0 300 0 09:00 (00:00) 10:00 (01:00)
Rye (mobilfoto) 17 283 17 09:30 (00:30) 10:51 (01:51)
Orkanger (Shell) 64 236 47 10:53 (01:53) 13:16 (04:16)
Rindal (YX) 117 183 53 12:26 (03:26) 16:48 (07:48)
Kvanne (mobilfoto) 161 139 44 13:44 (04:44) 19:44 (10:44)
Storås (YX) 228 72 67 15:45 (06:45) 00:12 (15:12)
Shell Elgeseter (Mål) 300 0 72 18:00 (09:00) 05:00 (20:00)

Passeringsklokkesett i raudt angir passering neste dag.

Regelverk

I hovudsak er det regelverket for Brevets Randonneurs Mondiaux som gjeld, bortsett frå følgande presiseringar:

  1. Sykkelen må følge norsk lovgivning for lys ved mørke og dårleg sikt. Blinkande lys er tillatt.
  2. Som kontrollpost er det som regel stempel på bensinstasjon som er mest praktisk. Men det går like bra med stempel frå anna privat næring eller offentleg instans som er stadfast i same område.
  3. Dersom det ikkje finst foretak med stempel lett tilgjengeleg, eller dersom alt er stengt, skal det sendast mobilfoto til arrangøren. Foto skal innehalde deltakar, sykkel, samt eit gjenkjenneleg element frå den aktuelle plassen, som t.d. stadsnamnskilt, butikkskilt eller kjent bygning.

Kart og høgdeprofil

Legg igjen en kommentar