Sigurd Tjelmelands historie - Randonneurs Norge

Sigurd Tjelmelands historie

Åndsfrendar!

Ein liten epistel frå min debut på Paris-Brest-Paris. Kanskje er her nokre tips til andre?

Eg hadde høyrt om det i lang tid – sykkelrittet frå Paris til Brest og tilbake. Men det stod for meg bare som eit eventyr å drøyme om, heilt til eg faktisk stod på startstreken. Seint om kvelden var det, eg hadde valt fri start med 90 timars grense kl 2100.

Kvalifiseringsritta var unnagjorde stort sett i einsemd, bortsett frå 30-mila som eg sykla i lag med Asle Kvitingen, som dessverre måtte kaste inn handkledet rett før vi skulle reise ned. Eg hadde bestemt meg for at når eg først skulle sykle så lange turar så skulle eg ha fine og varierte opplevingar. Og kvalifiseringane vart nett det, men eg var jo litt betenkt då eg nådde siste ferja frå Buavåg med bare ein halv times margin på 40-mila. Men det var gløymt på nattsyklinga over Ulvikfjellet, skimtande hjort på kjelvene, kransa av drivande skoddeflak.

Eg følte eg var godt førebudd ved starten. På kvalifiseringane hadde eg hatt det problemet at kroppen seig over mot sida, truleg fordi musklane i eine armen dovna, og det forplanta seg til vondt i ryggen. Eg la inn ei ekstra 40-mil i sommarferien, ein prakttur frå Ørlandet til Namsos, og då var det problemet omtrent borte, så eg såg fjågt i møte 1200 spennande kilometer gjennom det bretonske landskapet.

Føremonen med den frie starten var at vi slapp den lange ventinga i solsteiken som fellesstartane hadde. Vi vart sleppte ut i grupper på 20, og før eg sansa det kryssa eg startlina aleine. Då var det bare å peise på. Det kom etter kvart opp to tyskarar og seinare ei dansk gruppe og etter kvart segla vi gjennom natta med grupper av raude lys framfor oss, nærast ein trolsk stemning for ein som elles stort sett er aleine-syklist.

Eg er utruleg glad for at eg spanderte på meg den Lupine-lykta som Jens tilrådde. ”Amazing” og eit beundrande ”Wansinn” fekk eg høyre, og det var populært å liggje i lag med meg i utforbakkane. Men ulempen med å starte om kvelden er jo at ein kan få ei ekstra natt på sykkelen. De hugsar Solo-reklamen om ungdommen som set utfor hoppbakken og då han kjem til hoppkanten vert lyset slått av? Slik var det for meg inn til Dreux. Reservelykta var ikkje rare greiene, så eg bestemte meg for å sove i Dreux til det vart dagslys. Det gjekk nokre timar ekstra på det, men eg hadde rimeleg god margin på 90 timar, og hadde ikkje ambisjonar utover å greie den. Kanskje kunne eg spara meir på straumen, men det tryggaste er nok å ha med eit ekstra batteri. Ein må jo stelle godt med seg sjølv nattestider.

Eg syntest det nokre gonger var vanskeleg å sjå skilta, og somme tider vart det i einskilde vegkryss faktisk leiting etter skiltet. Ned frå Mortagne-au-Perche på tilbakevegen stoppa heile gruppa opp fordi vi var i stuss om vegen. Eg hadde rigga meg til med ein iPhone på styret og hadde lasta ned arrangørens klm-filer. Det virka storveges, det var både underhaldande og nyttig å fylgje med på kartet i byrjinga. Eg hadde med ekstra batteri (igjen takk til Jens for tips), men gjorde ein stor tabbe i det eg let iPhone-batteriet gå for mykje ut før eg kopla inn ekstrabatteriet, så han ville ikkje ta lading. Heldigvis fekk eg sendt ein SMS til kona om situasjonen, for iPhonen var stein daud resten av turen og straumen av oppmuntrande SMS-ar til dei heime uteblei heilt.

Etter som ein trillar vidare på livets veg, og det byrjar bli langdistanse av det, så dreg ein gjerne på seg diverse små og store plager, ikkje ulikt ein lang sykkeltur. Ei av mine er paroxystisk atrieflimmer, som betyr at ein gong i blant vert det urytme i hjartet fordi forkammera ikkje oppfører seg skikkeleg. Somme tider fell kapasiteten som ein stein når det skjer. Det gjekk ikkje betre til enn at eg fekk det rett etter start, og det gjekk ikkje vekk att før i Fougeres på utturen. Eg vart jo i stuss, eg hadde lova kona å stå av når det skjedde. Men det var likevel ein god del syklekapasitet, så det kunne ikkje vere så gale, og eg klarte rett og slett ikkje anna enn bare å kjøre på.

Planen var å ta første overnattinga i Saint Nicolas du Pelem, som eg rekna med ville kome midt i den andre natta. Inn mot Saint Nicolas braut det ut eit overhendig torever med tilhøyrande regneling. Gjennom to av landsbyane vi for gjennom gjekk lyset i alle husa då vi sykla gjennom torget. Overnattingsplassen var ein svær sal med feltsenger, og arrangøren hadde ordna med gjennomskinneleg plasttak, slik at vi retteleg kunne få fullt utbytte av lyna, som lyste opp salen i eitt sett. Det var ikkje noko å breie over seg, ikkje så gunstig når ein var temmeleg våt. Eg hadde med ei tørr ulltrøye, og heldt varmen så nokolunde. Men totalt sett hadde vi ganske bra ver, og moglegvis meir medvind enn motvind, sjølv om motvinden var ytterst lei framover mot Brest.

Sovinga er eit kapittel for seg. Ein er nøydd for å blunde litt, men det tel på tida, og mange knip inn så mykje dei kan. Eg hadde inntrykk at det låg strøydd med folk som tok seg ein høneblund rett på asfalten, langs heile løypa. Sidan eg var ny i dette og sidan eg kanskje ikkje er så sportsleg anlagt, så flotta eg meg med to seks-timars sovepausar, i tillegg til den ikkje-planlagde sovinga i Dreux. Eg ser jo i ettertid at det var i overkant, spesielt sidan gamle folk må attom nova ein gong eller to om natta, det øydelegg jo litt for rekreasjonssvevnen når tida tel. Neste gong satsar eg på å leggje meg nedpå bare til naturen kallar meg vidare første gong.

Pass på sykkelen! Det er utruleg mange syklar strødde omkring på kontrollane. Eg brukte ikkje sykkellås, men kjende meg heilt trygg for sykkelen likevel. Men ein gong gjekk det ikkje betre til enn at eg rett og slett gløymde kor eg sette den i frå meg. Då eg fortvilt prøvde å etterrøkje, spurde arrangøren kva som var i vegen og byrja saumfare den ovstore sykkelparken væpna med mi rudimentære skildring av doningen. Og jamen fann dei han! Og det må ha vekt åtgaum, for på neste kontroll vart eg spurd av medsyklistane om sykkelen var komen til rette.

Langdistansesyklistens viktigaste kroppsdel er sjølvsagt bakenden. Eg har ingen røynsler for korleis ein steller fint med den. Tidlegare langturar som Trondheim-Oslo gav ingen føringar i så måte, eg har nok sykla dei i for godt ver. Eg tok med vaselin (ikkje bruk originalboksen – lokket umogleg å få av med valne hender!) og la godt på i byrjinga. Men så mista eg den, og mot slutten må eg innrømme at baken ikkje var samstemt med hugen i kor fin tur det var. Spesielt vondt var det kvar gong eg skifta grep på styret, det må ein gjere rett som det er for å minske faren for numne fingartuppar på grunn av at nervene vert klemde. Eg fekk tak i ein salve i ein landsby etter Fougeres på tilbakevegen, den hjelpte godt, men skaden var alt skjedd. Eg må ha prøvd å kompensere, for skuldrene krangla på slutten. Så den viktigaste røynsla til neste gong – ved sida av å lade iPhonen skikkeleg – er å passe på rompesalva.

For ein neste gong vert det. Eg gledde meg over turen heile tida, og gler meg til å oppleve den på nytt om fire år (med visse helse-atterhald). Å oppleve alle folka på vegen, med Allez og Courage, og high five med småungane var ei fantastisk oppleving. I nokre vegkryss stod det ein eldre bonde på vegen ut, og jamen stod ikkje same bonden der på vegen inn også.  Ein entusiast på fixed og ein landsmann på faldesykkel (Brompton, eg er ytterst imponert!) var også artige opplevingar.

Legg igjen en kommentar