400 km Trondheim: Rørosrunden

Beskrivelse

Rørosrunden har start og mål ved Shell Elgeseter. Dersom det ikkje er nokon arrangør der, få stempel på bensinstasjonen på same måte som kontrollane undervegs. Pass på at alle stempel, inkludert start og mål, er merka med tidspunkt innanfor kontrollopningstidene som vist nedanfor.

Kryss Nidelva ved Sluppen bru, og følg sykkelveg til Heimdal, Melhus, Lundamo og til fyrste kontroll på Støren. Følg deretter Fv30 heile vegen til Røros og vidare til fylkesgrensa mot Innlandet. Send mobilfoto av fylkesskiltet, snu og dra tilbake til Røros og vidare langs Fv31 til Brekken og deretter Sverige. Ta nytt bilete av grenseskiltet, dra tilbake til Brekken og følg deretter Fv705 nordover heile vegen forbi kontrollen på Tydal og vidare til siste kontroll på Værnes. Deretter blir det å følge sykkelveg via Ranheim til Trondheim, over Bakklandet og til mål ved Shell Elgeseter.

Det er ikkje så mange anledningar til å kjøpe mat og drikke mellom Støren og Røros og mellom Røros og Værnes, så planlegg for dette. Bensinstasjonen på Ålen og Best Selbu er gjerne dei einaste alternativa, men Væktarstua i Stugudalen kan kanskje også tilby noko. Ver obs på opningstidene på eventuelle bensinstasjonar. Per 2020 har Best Selbu ope til 23:00 og Shell Værnes ope til 00:00.

Kontrollpostar

STED KM FRA START KM IGJEN KM FRA FORRIGE TIDLIGSTE PASSERING SENESTE PASSERING
Shell Elgeseter 0 405 0 06:00 (00:00) 07:00 (01:00)
Støren (Circle K) 51 354 51 07:30 (01:30) 09:24 (03:24)
Innlandet (foto av fylkesskilt) 163 242 112 10:47 (04:47) 16:52 (10:52)
Sverige (foto av grenseskilt) 216 189 53 12:22 (06:22) 20:24 (14:24)
Tydal (mobilfoto) 289 116 73 14:39 (08:39) 01:16 (19:16)
Værnes (Shell) 371 34 82 17:13 (11:13) 06:44 (24:44)
Shell Elgeseter (Mål) 405 0 34 18:07 (12:07) 09:00 (27:00)

Passeringsklokkesett i raudt angir passering neste dag.
 

Denne videoen er frå ein tidlegare versjon av ruta, men det meste er likt.

Regelverk

I hovudsak er det regelverket for Brevets Randonneurs Mondiaux som gjeld, bortsett frå følgande presiseringar:

  1. Gjeldande smittevernreglar for sykling i gruppe skal følgast.
  2. Sykkelen må følge norsk lovgivning for lys ved mørke og dårleg sikt. Blinkande lys er tillatt.
  3. Som kontrollpost er det som regel stempel på bensinstasjon som er mest praktisk. Men det går like bra med stempel frå anna privat næring eller offentleg instans som er stadfast i same område.
  4. Dersom det ikkje finst foretak med stempel lett tilgjengeleg, eller dersom alt er stengt, skal det sendast mobilfoto til arrangøren. Foto skal innehalde deltakar, sykkel, samt eit gjenkjenneleg element frå den aktuelle plassen, som t.d. stadsnamnskilt, butikkskilt eller kjent bygning.

Kart og høgdeprofil

Legg igjen en kommentar