200 km Trondheim: Berkåkrunden

Beskrivelse

Berkåkrunden har start og mål ved Shell Elgeseter. Dersom det ikkje er nokon arrangør der, få stempel på bensinstasjonen på same måte som kontrollane undervegs. Pass på at alle stempel, inkludert start og mål, er merka med tidspunkt innanfor kontrollopningstidene som vist nedanfor.

Kryss Nidelva ved Sluppen bru, og følg sykkelveg til Heimdal, Melhus, Lundamo og til fyrste kontroll på Støren. Følg deretter E6 i 3 mil til Berkåk. Dette er den einaste strekninga som kan ha ein del trafikk. Ta hensyn! Etter å ha fått stempel i Berkåk, sving inn på Fv700 til Meldal, og ta så Kvamsvegen til neste kontroll på Storås. Følg deretter Fv65 til Vormstad, og sving til høgre over Orkla, og følg deretter Fv471 forbi Fannrem og inn til siste kontroll på Bårdshaug/Orkanger. Deretter er det Fv800 til Klett, og til slutt same veg som starten av løypa fram til Shell Elgeseter.

Kontrollpostar

STED KM FRA START KM IGJEN KM FRA FORRIGE TIDLIGSTE PASSERING SENESTE PASSERING
Shell Elgeseter 0 202 0 09:00 (00:00) 10:00 (01:00)
Støren (Circle K) 51 151 51 10:30 (01:30) 12:24 (03:24)
Berkåk (Shell, Circle K, Esso) 83 119 32 11:26 (02:26) 14:32 (05:32)
Storås (YX) 129 73 46 12:48 (03:48) 17:36 (08:36)
Orkanger (Shell) 159 43 30 13:41 (04:41) 19:36 (10:36)
Shell Elgeseter (Mål) 202 0 43 14:56 (05:56) 22:30 (13:30)

 

 

Regelverk

I hovudsak er det regelverket for Brevets Randonneurs Mondiaux som gjeld, bortsett frå følgande presiseringar:

  1. Sykkelen må følge norsk lovgivning for lys ved mørke og dårleg sikt. Blinkande lys er tillatt.
  2. Som kontrollpost er det som regel stempel på bensinstasjon som er mest praktisk. Men det går like bra med stempel frå anna privat næring eller offentleg instans som er stadfast i same område.
  3. Dersom det ikkje finst foretak med stempel lett tilgjengeleg, eller dersom alt er stengt, skal det sendast mobilfoto til arrangøren. Foto skal innehalde deltakar, sykkel, samt eit gjenkjenneleg element frå den aktuelle plassen, som t.d. stadsnamnskilt, butikkskilt eller kjent bygning.

Kart og høgdeprofil

NB! Ruta er endra ved Soknedal. Sjå detaljert kart:
Soknedal

Legg igjen en kommentar